OPEN CALL
Såpe

Emne studio, i samarbeid med Fure Studio, inviterer kunstnarar til å skape skulpturar i såpe for ei utstilling i dei særegne og historiske romma i Reksten-villaen, Bergen.

Vi søkjer kunstnarar som vil skape ein tredimensjonal skulptur av såpe som primær material, kvar skulptur på ca. 2 kg. Verket skal utforskast fritt innanfor dette rammeverket.

Såpe er eit formbart materiale og kan tilførast form, tekstur og lukt. Parallelt kan ein sjå til Joseph Beuys og hans bruk av feitt som plastisk materiale. Feittet smeltar, størknar, siger og reagerer på rommet rundt seg, kvalitetar Beuys nytta som ein metaforisk måte å arbeide med varme, prosess og eit materiale som aldri er heilt kontrollbart.

Begge materiala endrar seg, forvitrar og reagerer på omgivnadene. Samstundes er såpe historisk knytt til helse, det sanitære og det reine.

Dei eldste spor frå såpeproduksjon kjem frå Mesopotamia, der ein blanda oske og oljer til ein reinsemasse for fleire tusen år sidan. Seinare utvikla kulturane rundt Middelhavet tradisjonar som Aleppo- og Marseille-såpa, basert på olivenolje og naturleg lut. Med kjemiske oppdagingar på 1700-talet og den industrielle revolusjonen på 1800-talet blei såpe eit kvardagsprodukt knytt til hygiene, helse og velvære. 

Material: såpe som primærmateriale
Form: tredimensjonal skulptur
Mengd: ca. 2 kg såpe
Visning: utstilling i Reksten-villaen


PRAKTISK
INFORMASJON

Frist for å vise interesse: 18.12.2025
Svar blir sendt innan: 20.12.2025
Innlevering av ferdig verk: før 16.01.2026
Utstilling: 17.–18.01.2026, kl. 12–18
Stad: Statsminister Michelsens veg 36, 5230 Paradis

Kunstnarar får:
-symbolsk honorar
-materiell støtte
-profesjonell dokumentasjon
-synleggjering under utstillinga

Arrangørar
Eit samarbeid mellom Emne Studio og Fure Studio, som stiller med fagleg støtte og tilgang til flotte lokale ressursar. Dette arrangementet er støtta av Bergen Kommune. 🔗


Slik søkjer du
Send ei kort melding med:
  • motivasjon
  • idé/konsept eller referanse til tidlegare verk
  • kontaktinformasjon

Send til: emnestudio@gmail.com