24.03-23.04
Sporveiskiosken
program med kunstaktivitet våren 2023
Me ville skape eit ope samlingspunkt i den historiske aviskiosken på Laksevåg og vise ulike kunstformer samt halde opne arrangementer.
Inviterte grupper fekk overta bygget, forme det etter eigen praksis og ha eventer i perioden.
Programmet for våren inkluderte ei radiosending og lyttestund med Radio Multe, eit arbeidsopphold for Forlaget K si nye skrivegruppe med opplesingskveld og systove av bøker, visning og utsalg av keramikk frå Cone-7 og Råbrent, møbler frå Lea Sangolt, Tord R. Træen og Kevin Maung Aye, poesiworkshop, lesesirkel, loppemarked og kaffefik++
Lytt til: Sporveiskiosken