Emne studio ynskjer deg hjarteleg velkomen til å delta på ei samling og kollektiv workshop som kretsar kring hagearbeid, bygging av fellesskap og gjestfridom. Dette er eit initiativ for og skape sosiale band, så vel som auka engasjement rundt utendørsområdet til HKS. Me ynskjer etablere kontakt gjennom lokalt hagearbeid til kjøkkenområde og terrassen til Hordaland kunstsenter.

Dagen blir delt inn i tre deler: samtale, dugnad og middag.

Samtalen har ein introduksjonsrunde der deltakerne oppmuntrast til å dele idéer og ynskjer dei måtte ha for framtida til uteområdet på HKS. Vidare vil me vandre i nabolaget og lære om nyttevekster. Det vil vere tilgjengeleg teiknesaker for nedskriving og visualisering av ideer.

Emne studio er glade for at Rick Akerboom frå Framtidshagen, ein felleshage lokalisert i fjellvegen, vil dele kunnskap om lokalt planteliv og nyttevekstar. Framtidshagen har fokus på fleirårige planter, praktiserer permakultur og byggjer hovedsakelig med gjenbrukte materialer.

Dugnaden er ein felles aktivitet der vi går saman for å gjere hagearbeid. Dette er ein god moglegheit til å møte nye mennesker, lære meir om planter, dele ferdigheter og kunnskap. På slutten av dagen samlast vi rundt eit heimelaga måltid laga av sesongbaserte råvarer, urter og blomar frå lokale hagar i Bergen. Dette måltidet er ei feiring av vår felles innsats, og moglegheit til å fortsetje samtalen. Me håper å sjå deg der!

Rick Akerboom er ansvarlig for Framtidshagen. I hans sjølvbygde veksthus sår han tilgjengelige nyttevekster.  I år arbeider han mot ein diplom i nyttevekst kyndig dyrking frå botanisk hage. For Akerboom er det å samlast rundt planter og forståing kjekke måtar å etablere direkte relasjonar mellom menneske og lokale omgivnadar.

HKS Hosting Space
Sukkerbelg 25.06

ein kollektiv workshop som kretsar kring hagearbeid, bygging av fellesskap og gjestfridom i samarbeid med Framtidshagen. 

Samtale
Dugnad
Middag

Terrassen ved Hordaland kunstsenter
kl. 12:00-18:00

Det er gratis å delta.
Ingen påmelding nødvendig.

Dette arrangementet er ein del av Hosting Space, eit offentleg program av workshoper, foredrag, filmvisninger og ei lesegruppe. Prosjektet er initiert og kuratert av Maike Statz med Hordaland kunstsenter, og bidragsytere er Jos Boys (The DisOrdinary Architecture Project), Erika Brandl Mouton, Staci Bu Shea, Maud Ceuterick, Emne Studio, Exutoire, fem_arc, NOGOODS, César Reyes Nájera og dei besøkendande.

Les meir om prosjektet og eventprogrammet på kunstsenter.no.

Program
12:00
Velkomst i kafeen på HKS.
Nabolagsvandring for å lære om tilgjengelige og lokale nyttevekster. Teikning  av nyttevekster og ideear.

13.30
Dugnad: Saman lagar me ein hage utanfor HKS.

17:00-18:00 
Fellesmiddag og samtale.